A A A
Digipost1

Har du ikkje fått svar frå oss? Sjekk din digitale postkasse!

I likskap med mange andre offentlege verksemder sender Kontoret for voldsoffererstatning no post til din digitale postkasse. Les meir om korleis du opprettar digital postkasse frå Digipost eller e-Boks på www.norge.no.

Eit sted for digital post frå det offentlege

Statlege etatar blir pålagt å sende post digitalt frå 2016. Vi på Kontoret for voldsoffererstatning starta med dette 1. november 2016. Viss du ikkje har fått svar frå oss i posten, kan det vere lurt å sjekke din digitale postkasse.

Har du ikkje digital postkasse? Vel digital postkasse på norge.no

Det er mange fordelar med å ha digital postkasse. Det er først og fremst ein sikker måte å få meldingar frå det offentlige på. Dessutan får du posten din raskare fordi du slepp å venta på postgangen, posten blir lagra på eit og same sted og vi sparar miljøet. Du bruker ID-porten til å logga inn for å lese din digitale post frå det offentlege, og brev i postkassen kan lagrast der så lenge du ynskjer.

Du kan velje mellom to postkassar – Digipost eller e-Boks. På same måte som du kan velje mellom ulike bankar og forsikringsselskap skal du enkelt kunne velje den postkassen som passar best for deg. Det er gratis å bruke begge postkassetenestene.

Når du får digital post frå Kontoret for voldsoffererstatning, vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Da veit du alltid når du har fått noko. Les meir om korleis du opprettar din digitale postkasse hos e-Boks eller Digipost på www.norge.no.

Kva skjer om du ikkje skaffar deg digital postkasse?

Utan ein digital postkasse vil du måtte logga inn på ulike etatars nettsider og løysningar for å lese viktige brev digitalt, eller få brev på papir. Frå Kontoret for voldsoffererstatning vil du få brev på papir om du ikkje har digital postkasse frå e-Boks eller Digipost.

Du kan også reservere deg mot kommunikasjon på nett. Du vil da framleis få viktig post frå det offentlege på papir. Les meir på www.norge.no/reservasjon.

Språk Norsk - NorwegianSpråk Nynorsk