A A A

Lengre saksbehandlingstid

Kontoret for valdsoffererstatning har utvida sin pårekna saksbehandlingstid.

På noverande tidspunkt har vi ein forventa saksbehandlingstid på omtrent tolv månadar frå saka er klar til vedtak. Søkjarane må likevel vere førebudd på at det kan ta lengre tid å behandle deira sak. Vår noverande saksmengd er på rundt 3 700 saker, kor over 1 700 av disse er klare til å bli behandla. Denne restansen er historisk høg for Kontoret for valdsoffererstatning.

 

Vi har stor forståing for at det er tungt å vente på svar på søknad om valdsoffererstatning frå Staten, og vi arbeider heile tida for å gjere kvart arbeid så grundig og effektivt som mogleg.

Språk Norsk - Norwegian