A A A

Forelding ved regress

Statens Sivilrettsforvaltning har gjennomført tilsyn ved Kontoret for valdsoffererstatning, der dei blant anna har sett på regress mot skadevaldar av tilkjent valdsoffererstatning frå staten. Statens Sivilrettsforvaltning har instruert Kontoret for valdsoffererstatning om å endre praksis kva gjeld forelding av krav mot skadevaldar. Dette inneber ein utvida tilgang til regress for staten samanlikna med tidlegare. Kontoret for valdsoffererstatning vil krevje regress i den utstrekninga eit krav for den skadelidde mot skadevaldar ikkje er å rekne som sivilrettsleg forelda. 

 

Du kan finne tilsynsrapporten ved å følgje denne lenkja.

Språk Norsk - Norwegian