A A A

Regress

Når vi utbetalar valdserstatning til nokon som har vore utsett for ei kriminell handling, overtar staten erstatningskravet mot den som har utført handlinga. Å krevje tilbake statens utlegg kallar vi regress. 

Dersom erstatningskravet er rettskraftig avgjort eller søknaden om erstatning kom inn etter 1. januar 2023

I saker der kravet eller søknaden har komme inn etter 1. januar 2023, krev vi regress når det ligg føre dom for erstatningskravet. Det same gjeld i dei sakene der erstatningskravet er rettskraftig avgjort ved rettsforlik eller ved vedtatt førelegg. 

Dersom søknaden kom inn før 2023

I saker der søknaden kom inn til KFV før 1. januar 2023, vurderer KFV å krevje regress i dei sakene der det ligg føre dom for straff, dom for erstatning, rettsforlik, vedtatt førelegg eller påtaleunnlating. Som utgangspunkt krev vi tilbakebetalt tilsvarande beløp som vi tilkjente i erstatning. I erstatningspostar retten har tatt stilling til, krev vi i praksis ikkje regress for eit høgare beløp enn det domstolen har fastsett i den aktuelle straffesaka. 

Innsyn dersom du blir pålagt å betale regress

Dersom du har blitt pålagt å betale erstatning kan du ha rett på innsyn i dokumenta i saka, eller særleg i dokumenta som ligg til grunn for utbetalinga av erstatning i saka. Du kan ta kontakt for å be om innsyn. 

Innkrevjing og nedbetaling

Sjølve innkrevjinga er det Statens innkrevjingssentral (SI) som står for. Du kan ta kontakt med SI for å diskutere hensiktsmessige nedbetalingsordningar.

Språk Norsk - Norwegian