Dersom du første gong søkte om erstatning før 1. januar 2023, skal tilleggssøknaden behandlast etter det same regelverket som den første søknaden din.

Gå til skjema for tilleggssøknad

Skal du søkje for nokon andre? Dersom du ikkje er registrert som verje for personen i folkeregisteret, må du leggje ved ei fullmakt

Ny lov om valdserstatning tredde i kraft 1. januar 2023. Søknader som blei sende inn før dette, og påfølgjande tilleggssøknader, vil bli behandla etter tidlegare lovverk. 

Påstått skadevaldar er ikkje part i erstatningssaka di. Dersom det ligg føre ei skuldkonstatering i saka (til dømes ein dom, eit førelegg eller ei påtaleunnlating), vil vi vurdere å krevje regress frå påstått skadevaldar. Regress betyr at vi vil krevje tilbake pengane vi har utbetalt til deg. Påstått skadevaldar blir då part i regress-saka. Du kan lese meir om dette på sidene våre om regress