Med mindre det står noko anna, viser gjennomgangen på desse sidene til valdsoffererstatningslova (2001) slik ho lydde etter siste store regelendring etter 1. januar 2008. Her kan du lese meir om kva aktuelt regelverk som gjaldt for dei ulike periodane

Påstått skadevaldar er ikkje part i erstatningssaka di. Dersom det ligg føre ei skuldkonstatering i saka (til dømes ein dom, eit førelegg eller ei påtaleunnlating), vil vi vurdere å krevje regress frå påstått skadevaldar. Regress betyr at vi vil krevje tilbake pengane vi har utbetalt til deg. Påstått skadevaldar blir då part i regress-saka. Du kan lese meir om dette på våre sider om regress