For å få valdserstatning i saka di må

  • forholdet vere meldt til politiet,
  • erstatningskravet vere kravd teke med i straffesaka, 
  • vere ei straffbar handling som krenkjer livet, helsa eller fridommen, og
  • du må vere påført ein personskade

Også barn som har opplevd vald mot ein nærståande, og valden er eigna til å skade barnet sin tryggleik og tillit, kan krevje erstatning. Du kan lese meir om barn som har vore vitne til vald, nedst på sida. 

Politimeldingsvilkåret 

Handlinga må vere meld til politiet. I tillegg er det krav om at du har bidrege tilstrekkeleg til etterforskinga. 

I nokre få tilfelle kan du få erstatning sjølv om forholdet ikkje er meldt. Dette er dersom 

  • forholdet er tilstrekkeleg dokumentert, 
  • det ligg vektige grunnar føre for å ikkje politimelde, til dømes at påstått skadevaldar er død eller forholdet er strafferettsleg forelda, og
  • samfunnsinteresser tilseier at forholdet ikkje må meldast. 

Erstatningsvilkåret

Vidare må erstatningskravet vere teke med i straffesaka. Dersom den valdsutsette har teke eit bevisst val om ikkje å ta med erstatningskravet i straffesaka mot påstått skadevaldar, vil du ikkje kunne krevje erstatning gjennom valdserstatningsordninga.

I nokre få tilfelle kan du få erstatning sjølv om erstatningskravet ikkje er teke med i straffesaka, til dømes dersom den valdsutsette var mindreårig då forholdet blei meldt og straffesaka avgjord, eller den valdsutsette ikkje blei orientert om erstatningsvilkåret av politiet. 

Sakleg verkeområde 

Lova gjeld for klart sannsynleggjorde straffbare handlingar som krenkjer livet, helsa eller fridommen. Døme på straffbare handlingar som kan gi rett til valdserstatning, er vald, truslar, mishandling i nære relasjonar, seksuelle overgrep og fridomskrenking.

Handlingar som skadeverk, innbrot, tjuveri, bedrageri, svindel og ulykker gir normalt ikkje rett til valdserstatning. Du kan heller ikkje få erstatning for trafikkskadar eller krav som blir dekte av yrkesskadeforsikringslova, det vil seie alle andre krav enn oppreising. 

Personskadevilkåret

Handlinga må ha ført til ein personskade. Skaden må vere av eit visst omfang og ha ei viss varigheit. Skaden må òg stå i årsakssamanheng med den straffbare handlinga som vi finn klart sannsynleggjord, det vil seie at skaden må vere eit direkte resultat av valden. 

Døme på skadar som blir rekna som personskade, er beinbrot, utslåtte tenner, sår som må syast, hjerneristing og psykiske skadar. Blåmerke, skrap og hevelsar åleine er normalt ikkje tilstrekkeleg. 

Du kan sjølv sende inn medisinsk dokumentasjon som sannsynleggjer skaden, til dømes ei legeerklæring eller ein journalutskrift.

Geografisk verkeområde

Handlinga må ha skjedd i Noreg. Dette inkluderer mellom anna Svalbard og norske fartøy. 

I nokre få tilfelle kan det gjerast unntak frå dette kravet dersom den valdsutsette eller den valdsutsette sin(e) etterlatne budde i Noreg på skadetidspunktet. 
 

Barn som leker med bamse

Barn som har opplevd vald mot ein nærståande person

Barn som har opplevd vald mot ein nærståande, kan frå og med 1. januar 2008 i nokre tilfelle ha krav på erstatning, dersom valden var eigna til å skade barnet sin tryggleik eller tillit. 

Det er ikkje eit krav at barnet er direkte vitne til hendinga. Det kan vere nok at barnet ser den nærståande med livstruande skadar, eller at den den nærståande sine reaksjonar i ettertid gjer at barnet sin tryggleik og tillit blir skadd. Ikkje alle tilfelle der barn har opplevd vald mot ein nærståande, er omfatta.