Dersom heile forholdet har funne stad før 1975, er ikkje forholdet omfatta av valdserstatningsordninga. I desse tilfella kan du søkje Stortingets rettferdsvederlagsordning.

For forhold som har funne stad mellom 1. januar 1975 og 30. juni 2001, gjeld valdsoffererstatningsforskrifta

For forhold som har funne stad mellom 1. juli 2001 og 31. desember 2007, gjeld valdsoffererstatningslova (2001) slik ho lydde før endringane som tredde i kraft 1. januar 2008. 

For forhold som har funne stad mellom 1. januar 2008 og 31. desember 2022, gjeld valdsoffererstatningslova (2001) slik ho lydde etter endringane som tredde i kraft 1. januar 2008.