Oppreising

Oppreising er erstatning for den tort og svie du har opplevd som følgje av ei handling som er omfatta av valdserstatningsordninga. Oppreisinga skal ikkje dekkje eit økonomisk tap, men vere som eit «plaster på såret». Både den valdsutsette og den valdsutsette sin(e) etterlatne kan ha krav på oppreising. 

Når vi avgjer storleiken på oppreisinga, legg vi vekt på kva slags type hending du har vore utsett for, handlinga sin karakter, kva for nokre og kor omfattande skadar du har fått, og praksis i liknande saker. 

Du kan sjølv sende inn til dømes medisinsk dokumentasjon som gjer greie for skaden, som ei legeerklæring eller ei journalutskrift. Vi innhentar politidokumenta. 

Meinerstatning

Meinerstatning er erstatning for ein vesentleg og varig medisinsk invaliditet som følgje av skaden. For at skaden skal reknast som vesentleg, må den medisinske invaliditeten som følgje av skaden vere sett til minst 15 %. Medisinsk invaliditet blir fastsett gjennom ei spesialisterklæring i tråd med minstekrav (les krava i mandatet vårt) etter invaliditetstabellen.

Du kan søkje om dekning av utgifter til ei slik spesialisterklæring, sjå neste punkt. 

Dersom du har krav på meinerstatning gjennom forsikringa di, vil vi trekkje dette frå meinerstatninga du får utbetalt frå oss. Valdserstatningsordninga er subsidiær, som vil seie at vi dekkjer erstatning du ikkje får dekt gjennom andre ytingar.

Dekning av utgifter til spesialisterklæring

Dersom det er sannsynleg at spesialisterklæringa vil vere utslagsgivande i din favør og truleg vil konkludere med at du har fått ein varig og betydeleg skade som følgje av handlinga, vil vi dekkje utgiftene til spesialisterklæring. Denne skal utarbeidast i tråd med minstekrava (les krava i mandatet vårt).

For at vi skal kunne behandle søknad om dekning av utgifter til spesialisterklæring, treng vi at du sender inn

  • ei stadfesting frå ein spesialist på den aktuelle skaden som skal undersøkjast, der det går fram at spesialisten tek på seg oppdraget med å skrive ei spesialisterklæring, 
  • eit konkret kostnadsoverslag frå spesialisten, der det går fram kva erklæringa vil koste (totale kostnader, også inkludert eventuelle reiseutgifter), og
  • søkjaren sine komplette journalar frå før og etter skaden frå alle behandlarar. 

Spesialisten bør som hovudregel ikkje ha ein tidlegare behandlingsrelasjon til søkjaren. 

Spesialisten skal ikkje byrje med arbeidet med spesialisterklæringa før du eventuelt har fått vedtak om at vi dekkjer utgiftene til spesialisterklæring. Du risikerer då å måtte dekkje desse utgiftene sjølv. 

Økonomisk tap – påført og framtidig

Er du påført eit økonomisk tap som følgje av ei handling som er omfatta av valdserstatningsordninga, kan du søkje erstatning for dette. Eit økonomisk tap vil mellom anna vere behandlingsutgifter, tannlegeutgifter eller reiseutgifter til behandling. Du kan søkje erstatning for tap du har hatt fram til no, men også framtidig økonomisk tap. 

For å få dekt økonomisk tap etter valdserstatningsordninga må det vere ein faktisk og rettsleg samanheng mellom handlinga du blei utsett for, og skaden og tapet.

Dersom du kan få dekt tapet gjennom andre ytingar, som forsikringsytingar, vil du ikkje få det dekt gjennom valdserstatningsordninga. Til dømes:

  • Du vil normalt berre få dekt behandlingsutgifter inntil eigendelstaket.
  • Du må søkje om å få reiseutgifter dekte gjennom Pasientreiser.
  • Tannlegeutgifter skal dekkjast via Helseøkonomiforvaltninga (HELFO) etter søknad, og refusjonen frå HELFO må gå fram av til dømes faktura eller kostnadsoverslag på tannlegebehandling. 

Du kan sjølv sende inn dokumentasjon som kvitteringar, utskrifter av eigendeloversikter frå Helsenorge, dokumentasjon på ytingar/refusjon og/eller avslag frå Pasientreiser og HELFO og kostnadsoverslag på framtidig behandling. Vi innhentar ikkje helseopplysningar sjølv.

Tingskade

Du kan få erstatning for skade på vanlege klede, protesar og andre personlege bruksting du hadde på deg då skaden skjedde, dersom desse er øydelagde, til dømes heilt tilgrisa i blod eller klede som er kutta i stykke.  

Mobiltelefon kan omfattast av ordninga dersom han blir øydelagd i samband med ei handling som gir grunnlag for valdserstatning. 

Døme på tingskade som fell utanfor valdserstatningsordninga er skadar på nettbrett, smykke, bil eller innbu. 

Dersom du kan få dekt tapet gjennom andre ytingar, som forsikringsytingar, vil du ikkje få det dekt gjennom valdserstatningsordninga.

Inntektstap – påført og framtidig

Dersom du har fått eller kjem til å få eit tap i inntekt på grunn av skaden, kan du krevje erstatning for dette. Til dømes kan du vere påført eit påført eller framtidig inntektstap i form at du får arbeidsavklaringspengar (AAP) eller uføretrygd, eller fordi du ikkje fekk gjennomført den utdanninga du ville dersom skaden ikkje hadde skjedd. 

Dersom du kan få dekt tapet gjennom andre ytingar, vil du ikkje få det dekt gjennom valdserstatningsordninga. Dette kan til dømes vere sjukepengar, trygdeytingar som dagpengar, arbeidsavklaringspengar (AAP) og uføretrygd, ytingar frå pensjonsordning i arbeidsforhold, forsikringsytingar og anna økonomisk støtte du har krav på. 

Du kan sjølv sende inn dokumentasjon som

  • erklæring frå lege eller psykolog som beskriv skaden, den nedsette arbeidsevna di og årsakssamanhengen mellom desse
  • erklæring frå arbeidsgivar om stillingsprosent, timetal, fråvær og lønn
  • informasjon om og dokumentasjon på kva slags jobb og/eller lønn du ville hatt dersom skaden ikkje hadde skjedd 
  • dokumentasjon på ytingar og/eller avslag frå forsikringsselskap

Vi innhentar skattemeldingane og dokumenta dine frå NAV. Du må sende inn ei fullmakt slik at vi kan hente inn dette. 

Du kan lese om erstatning for inntektstap for barn under punktet om standardisert barneerstatning nedanfor. 

Tap i heimearbeidsevne

Tap i heimearbeidsevne er ei redusert moglegheit til å gjere vanlege arbeidsoppgåver i heimen, til dømes vasking, vedlikehald av hus og hage, matinnkjøp og liknande. 

At du treng noko meir utvida tid til å gjennomføre arbeidsoppgåver etter ein skade, er i seg sjølv ikkje noko du vil få erstatning for. Normalt har du eit tap dersom du får heimehjelp eller du må leige inn hjelp for å utføre dei aktuelle oppgåvene. Dersom andre offentlege ytingar kan vere med på å dekkje dette tapet, vil dette bli trekt frå erstatninga, og du pliktar å ta i bruk restarbeidsevna di og om nødvendig omfordele arbeidsoppgåver internt i familien.

Vi innhentar dokumenta dine frå NAV. Du må sende inn ei fullmakt slik at vi kan hente inn dette. 

Du kan sjølv sende inn dokumentasjon som

  • erklæring frå lege som beskriv skaden, den nedsette arbeidsevna di i heimen og årsakssamanhengen mellom desse, kva arbeidsoppgåver du ikkje klarer å gjennomføre lenger, og kor mange timar det tek å gjennomføre arbeidsoppgåvene per veke
  • utgreiing av behovet ditt for hjelp til arbeid i heimen
  • vedtak frå kommunen din som beskriv kor mykje hjelp du kan få gjennom kommunal heimehjelpsordning og brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
  • utgreiing av utgifter du vil ha ved å leige inn hjelp i heimen

Standardisert barneerstatning

Det finst eigne reglar for utmåling av inntektstap og meinerstatning for barn. Dette blir kalla standardisert barneerstatning.

Standardisert barneerstatning blir utmålt etter to ulike reglar, avhengig av når du blei utsett for handlinga. For handlingar før 18. desember 1987 blir det utmålt etter dei alminnelege reglane for inntektstap og meinerstatning.

Handlingar utførte i perioden 18. desember 1987 fram til 1. mars 2018

For handlingar som blei gjorde i denne perioden, kan den valdsutsette få standardisert barneerstatning for framtidig inntektstap og meinerstatning dersom den valdsutsette på skadetidspunktet ikkje hadde fylt 16 år. Det blir ikkje gitt standardisert barneerstatning for vald i nære relasjonar eller dei fleste seksuelle overgrep i denne perioden.

Dersom du ønskjer å fremje krav om standardisert barneerstatning, er det nødvendig med ei utgreiing av den varige medisinske invaliditeten din, til dømes ei spesialisterklæring.

Dersom vilkåra for standardisert barneerstatning er oppfylte, skal denne utmålingsmetoden nyttast. 

Regelverk dersom handlingane blei utførte i perioden mellom 18. desember 1987 og 1. mars 2018 (skadeerstatningslova § 3-2 a)

Har skadelidte på skadetiden ikke fylt 16 år, ytes erstatning for tap i framtidig erverv og menerstatning etter bestemmelsene i paragrafen her.

Ved 100 pst varig medisinsk uførhet gis en engangserstatning på 40 G. Dersom retten av særlige grunner fastsetter erstatningen til terminbeløp, jf § 3-9, skal den årlige erstatning utgjøre 3,5 G. Er skadelidtes varige medisinske uførhet lavere enn 100 pst, reduseres erstatningen etter første og annet punktum forholdsmessig. Det gis ikke erstatning ved lavere uførhetsgrad enn 15 pst.

Ved fastsettingen av erstatningen etter annet ledd gjøres fradrag for forsikringsytelser i den utstrekning den erstatningsansvarlige har betalt premien.

Hadde skadelidte de siste to år før skaden en gjennomsnittlig arbeidsinntekt på 5 G eller mer, kan beløpene etter annet ledd forhøyes i det omfang det finnes rimelig.

Med G menes folketrygdens grunnbeløp, jf lov 17 juni 1966 nr 12 § 6-2.

Kongen kan gi forskrifter til gjennomføring og utfylling av reglene i paragrafen her.

Handlingar som er utførte i perioden etter 1. mars 2018

For handlingar som er utførte etter 1. mars 2018, kan den valdsutsette få standardisert barneerstatning for varig inntektstap og tapt heimearbeidsevne dersom den valdsutsette på skadeverknadstidspunktet ikkje hadde fylt 19 år.

For erstatning for inntektstap fram til den valdsutsette fyller 21 år, er det nødvendig med ei utgreiing av den medisinske invaliditeten din, til dømes ei spesialisterklæring eller ei anna legeerklæring.

For erstatning for inntektstap etter året den valdsutsette fyller 21 år, er det nødvendig med ei utgreiing av den varige tapte arbeidsevna di, til dømes vedtak om uføretrygd eller ei spesialisterklæring eller ei anna legeerklæring.

Dersom vilkåra for standardisert barneerstatning er oppfylte, skal denne utmålingsmetoden nyttast.

Regelverk dersom handlingane blei utførte etter 1. mars 2018 (skadeerstatningslova § 3-2 a (inntektstaperstatning til barn))

1. Har den skadelidte på skadevirkningstidspunktet ikke fylt 19 år, ytes erstatning for varig tap i erverv, herunder tap i verdien av arbeid i heimen, etter paragrafen her.
2. Inntektstap frem til og med det året den skadelidte fyller 21 år, erstattes med et antall G etter forskrift gitt av Kongen. Det gis ikke erstatning etter første punktum ved lavere medisinsk invaliditet enn ti prosent.
3. Inntektstap etter det året den skadelidte fyller 21 år, erstattes med 50,8 G og utmåles dette året. Dersom utmålingen likevel først skjer et senere år, fastsettes erstatningen til 51,8 G. Er den skadelidtes ervervsuførhet lavere enn 100 prosent, reduseres erstatningen etter første og annet punktum forholdsmessig. Har den skadelidte en uføregrad som ikke oppfyller kravet for å motta uføretrygd etter folketrygdloven § 12-7, fastsettes erstatningen likevel til en forholdsmessig andel av et antall G etter regler gitt av Kongen i forskrift. Er det åpenbart at den skadelidte er 100 prosent varig ervervsufør, kan erstatningen fastsettes tidligere enn det året den skadelidte fyller 21 år. Skadevolderen eller dennes representant kan også når som helst oppfylle sin betalingsforpliktelse ved å betale en erstatning som om den skadelidte er 100 prosent varig ervervsufør. Utmåles erstatningen tidligere enn det året den skadelidte fyller 21 år, skal erstatningsbeløpet aldersjusteres etter regler fastsatt av Kongen i forskrift. Den erstatningsansvarlige kan pålegges å stille sikkerhet for den skadelidtes krav på erstatning etter dette leddet.
4. Skadevolderen eller dennes representant plikter å gi en skadelidt med kjent adresse særskilt melding om rett til oppgjør etter tredje ledd det året den skadelidte fyller 19 år. Meldingen skal sendes ved rekommandert brev.
5. Hadde den skadelidte de siste to årene før skadevirkningstidspunktet en gjennomsnittlig arbeidsinntekt på 5 G eller mer, kan beløpene som følger av en utmåling etter annet og tredje ledd, forhøyes i det omfang det finnes rimelig.
6. Ved varig medisinsk invaliditet til og med 25 prosent kan den skadelidte, som et alternativ til erstatning etter annet og tredje ledd, kreve at inntektstaperstatningen fastsettes til en engangserstatning etter regler gitt av Kongen i forskrift. Første punktum gjelder ikke ved lavere medisinsk invaliditet enn ti prosent. Kravet må fremmes skriftlig innen det året den skadelidte fyller 16 år, likevel senest fem år fra skadevirkningstidspunktet.
7. I tillegg til erstatning etter annet og tredje ledd eller etter sjette ledd erstattes tap i verdien av arbeid i heimen med
a.    4 G ved varig tap av evnen til å utføre en vesentlig del av tyngre hjemmearbeid, eller
b.    8 G ved varig tap av evnen til å utføre en vesentlig del av også lettere hjemmearbeid.
8. Ved fastsettingen av erstatning etter paragrafen her skal det gjøres fradrag for forsikringsytelser i den utstrekning den erstatningsansvarlige har betalt premien.
9. Dersom den skadelidte ikke er medlem av folketrygden, se folketrygdloven kapittel 2, og bestemmelsene foran leder til et åpenbart urimelig resultat, kan erstatningen forhøyes eller reduseres i det omfang det finnes rimelig.
10. Med «G» menes grunnbeløpet i folketrygden, se folketrygdloven § 1-4, med den verdien det har på oppgjørstidspunktet. Med «oppgjørstidspunktet» menes det tidspunktet partene kommer til enighet eller det treffes avgjørelse som blir rettskraftig. Er erstatningen i det vesentlige utbetalt før dette, regnes likevel tidspunktet for utbetalingen som oppgjørstidspunktet.
11. Ved erstatningskrav etter paragrafen her løper renter etter lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. tidligst fra to uker etter oppgjørstidspunktet, se tiende ledd annet og tredje punktum.
12. Dersom retten av særlige grunner fastsetter erstatning etter denne bestemmelsen til terminbeløp, se § 3-9, skal terminbeløpet fastsettes til et antall G og slik at det tas hensyn til den skadelidtes skattesituasjon.

Pensjonstap

Dersom du har eit inntektstap, vil det òg kunne oppstå eit pensjonstap, til dømes i form av tapt obligatorisk tenestepensjon (OTP) og tapt pensjonsopptening på grunn av uførleik frå 62 til 67 år. Du kan òg søkje erstatning for dette. 

Erstatning til etterlatne – forsørgjartap og gravferdsutgifter

Dersom ein familiemedlem som har døydd som følgje av ei handling som er omfatta av valdserstatningsordninga, heilt eller delvis forsørgde deg på dødstidspunktet, kan du søkje erstatning for forsørgjartap. 

Den etterlatne kan òg søkje erstatning for gravferdsutgifter og andre utgifter i samband med dødsfallet. 

Vi innhentar skattemeldingane og dokumenta dine frå NAV. Du må sende inn ei fullmakt slik at vi kan hente inn dette. 

Du kan sjølv sende inn dokumentasjon som

  • faktura for gravferdsutgifter
  • oversikt over den avdøde og den gjenlevande si inntekt (dokumentasjon frå skatteetaten)
  • barnepensjon, gjenlevandepensjon og eventuelle andre pensjonar
  • forsikringsutbetalingar
  • dokumentasjon på dei faste utgiftene til husstanden (bustadutgifter, straum, telefon, tv, internett, forsikringar, bil, fritidsaktivitetar m.m.) 
  • dokumentasjon på særforbruket til avdøde 

Du vil ikkje kunne få valdserstatning for tap som du kan få dekt gjennom andre offentlege ordningar, til dømes trygdeytingar. Du har ei plikt til å nytte deg av andre offentlege ytingar, og vi vil trekkje desse frå erstatninga. Til dømes har du eit ansvar for å avgrense tapet ditt gjennom å søkje gravferdsstønad frå NAV. 

Dersom du kan få dekt tapet gjennom andre ytingar, som forsikringsytingar, vil du ikkje få det dekt gjennom valdserstatningsordninga. 

Etterlatne etter handlingar som er omfatta av valdserstatningsordninga, kan òg søkje oppreising, som du kan lese meir om ovanfor. 

Advokatutgifter

Du kan søkje om erstatning for utgifter til juridisk hjelp til søknad om valdsoffererstatning. Ordninga dekkjer berre rimelege og nødvendige utgifter med tanke på omfanget av saka. 

Søknad om valdsoffererstatning var ein naturleg del av bistandsadvokatoppdraget i saker etter valdsoffererstatningslova. Dette gjeld òg i utgangspunktet ved eventuell tilleggssøknad. Då må bistandsadvokaten søkje seg gjenoppnemnd som bistandsadvokat. 

Du kan ikkje få valdsoffererstatning for utgifter til advokat i samband med generelt arbeid med straffesaka. 

Treng du rettleiing om valdserstatningsordninga, kan du ta kontakt med oss på Kontoret for valdsoffererstatning. 

Forskot

Du kan søkje om forskot på valdserstatning dersom søknaden i sin heilskap ikkje kan avgjerast av grunnar som ikkje er di skuld. Til dømes kan du søkje om forskot til gravferdsutgifter. 

Det må vere forholdsvis klart at du vil få innvilga søknaden om valdserstatning, og klart at den endelege erstatningssummen vil vere større enn forskotet. 

Den valdsutsette sin medverknad

Dersom du har medverka til skaden ved eiga skuld, eller dersom du har late vere å i rimeleg utstrekning fjerne eller minske risikoen for skaden eller skadeomfanget, kan erstatninga i enkelte tilfelle setjast ned eller falle bort. Ved vurderinga legg vi vekt på den valdsutsette si åtferd forut for handlinga og åtferda si betydning for at skaden skjedde, omfanget av skaden og forholda elles.